Kunstgavekortet viser verk av Lars Korff Lofthus på Fönster fra 21.juni, i anledning hans seperatutstilling  Jeg bæres frem til tørstig Mand på Kristiansand Kunsthall som åpner 22.juni. Velkommen til åpning på Fönster i Elvegata 7, fredag 21.juni kl.18.00.

 

KRISTIANSAND KUNSTHALL
Lars Korff Lofthus
Jeg bæres frem til tørstig Mand
22.juni – 1.september 2024

Utstillinga i sommar er dedikert til ein storslått og fargesterk presentasjon av maleria til Lars Korff Lofthus. Korff Lofthus har den siste tida hausta anerkjenning for sin representasjon og samanstilling av folkekultur, natur og erotikk. Kunstnaren er oppteken av ritual og situasjonar der ein både kjenner seg framandgjort og heime.

Korff Lofthus sine motiv resonnerer med norsk tradisjon, natur og kulturarv. Han omarbeider og speler på ting ein kan kjenne att, slik at dei opplevast både framande og solid forankra i historia samtidig. Folkekulturen og naturen i Hardanger var ein del av nasjons- og identitetsdanninga i Noreg. Kunstnarane i nasjonalromantikken framkalla ein identitet som var betinga av nasjonale særtrekk, felles tradisjonar, handverk, språk, klima og natur. Men Korff Lofthus har ein tettare tilknyting til dette landskapet. Han er oppvaksen på Lofthus i Hardanger, og bur og arbeider der han har sine røter store deler av året.

Gjennom arbeida gjer Lofthus ei revurdering av historiefortelling i periferien. Han tar for seg historisk handverk og årelange kulturtradisjonar; ruteåkle, rosemåla skap og ølbollerituala som han sjølv deltok på i oppveksten. Når bollen med det nye ølet vart sendt rundt frå mann til mann, markerte det mannsfæren og ansvaret for å føre tradisjon vidare. Mannen er også eksplisitt til stades gjennom utstillinga; avkledd og erotisert. Og dei kraftige kroppane blandar seg inn i skildringar av den vestnorske naturen, ljoset og kulturlandskapet han vaks opp i.

Maleriet i seg sjølv vert ei sanseleg leiting etter former, linjer, fargar og overflatar. Kunstnaren sin visuelle signatur viser eit begjær som speglast i delikate fargepigment som glitrar og fusjonerer i komponerte flater. Opplevinga av Lofthus sine maleri vekslar mellom å vere avhengige og uavhengige av motiva, og det tiltrekkande kan ligge i både i tekstur og innhald.

Lars Korff Lofthus. Foto: Kristiansand Kunsthall

Lars Korff Lofthus er utdanna ved Kunsthøgskolen i Bergen, Avd. Kunstakademiet, Det Kongelige Danske Kunstakademi og Nordiska Konstskolan i Kokkola, Finland. Lofthus har ein omfattande utstillingspraksis og er i tillegg engasjert i skriving, formidling og kuratering. Arbeida hans er innkjøpt av m.a. Nasjonalmuseet, Bergen kunstmuseum KODE, Oslo kommune, Equinor og Universitetet i Agder. Han deler tida og arbeidet sitt mellom Bergen, der han tidlegare var fyrsteamanuensis på kunstakademiet, og atelieret hans i Hardanger.

Utstillinga i Kristiansand Kunsthall er Lars Korff Lofthus sin mest omfattande separatutstilling til no.

Tekst fra Kristiansand Kunsthall.

Adresse: Rådhusgata 11, 4611 Kristiansand
Åpningstider: tir-søn kl.12-16

Kunstgavekortet kan brukes til å kjøpe kunstverk i Kristiansand Kunsthall.